MARTIN TVEDTEN
Komposisjon

Master i jazzkomposisjon for store ensembler, Norges Musikkhøgskole, med utveksling til
Hochschule der Künste i Bern, Sveits.
Om:
Mitt navn er Martin Tvedten og eg tar mastergrad i jazzkomposisjon ved store ensembler ved Noregs Musikkhøgskule i Oslo, og er på utveksling dette semesteret i Sveits ved Hochschule der Künste Bern (HKB). Studiet tar opp mesteparten av tida om dagen, men samtidig driv eg også å ferdigstiller eit debut-album som kjem ut starten av 2023.
Om bidraget:
Musikken har inspirasjonskjelder blant anna frå jazz, klassisk og japansk spelmusikk. Målet for prosjektet var å skape former med tydelege musikalske narrativ, der improvisasjonen som musikarane bidrar med styrkjer musikkens bildeskaping og forteljingsevne. Ein kan kalle det "eventyrjazz". Å tenke musikk som narrativ er noko ein gjerne knyttar til 1800-talls romantisk musikk, men her blir ei slik tenkning kombinert med moderne jazzharmonikk og rytmikk, og ikkje minst improvisasjon. Musikken har eit barnleg, men er i hovudsak er meint for vaksne. likevel opplever eg ikkje dette som eit nostalgisk prosjekt, men at det heller peiker mot ei lys framtid med undring, leik og introspeksjon.
Albumet heiter "Sky is an Island" og cover er av kunster Eirik Lillebror Mikkelborg (sjå vedlegg). Heile albumet er også lagt ved (nesten ferdig demomix), og det er heilt i orden for meg om de også vil inkludere andre spor.
